Ida Hellegård Indrebø

Vist du vurdera å studera i utlandet så gjer det! Det er ein så fantastisk opplevelse, og du får så mange fine minner og erfaringar å ta med deg vidare i livet.

Dette er Ida sine opplevelser

ved Hawaii Pacific University

Livet som student her på Hawaii Pacific University er heilt fantastisk. Eg har skule frå mandag til torsdag og prøver også å gjere ferdig alt skulearbeidet før fredag. HPU er ein skule der du får eit veldig nært forhold med lærarane dine og dei andre studentane sidan det vanlegvis berre er 20 -30 elevar i kvar klasse. Det er noko eg synst er veldig godt og trykt når eg har flytta så langt vekk. Det gjer også at dei fleste lærarane dine lærer seg namnet ditt og at du kan snakka med dei vist du har noko du lurar på. Lærarane synst også det er veldig gøy med norske studentar.

Hvordan opplevde du hjelpen fra oss her i SONOR?

SONOR har vert ein veldig god støtte for meg heilt frå eg begynte å tenka på å studera i utlandet. Det har vert lett å ta kontakt med dei om spørsmål eg hadde før eg reiste og medan eg er her. Dei eg har vert i kontakt med i SONOR har vert kjempe hjelpsomme og støttande, og det har gjort at eg har følt meg svært trygg i valget eg tok om å flytta hit til Hawaii.

Er det noe du skulle ønske at du visste før du reiste til skolen?

Det er ekstremt mange norske studentar her på HPU! Sjølv har eg gått inn for å bli mest kjent med Amerikanara og andre internasjonale studentar sidan det er derfor eg valgte å studera i utlandet. Men eg har også møtt mange hyggelege Nordmenn som gjer at Norge ikkje følast så langt vekke likevel. Eg var litt redd for korleis det skulle gå å studera på engelsk, men det har gått veldig fint. Du kjem fort inn i det når du kjem hit å begynna å snakka engelsk med dei rundt deg. Universitetet her følast litt ut som vidaregåande i Norge. Me har litt lekser kvar veke som gjer at du ikkje faller bak i pensumet du lærer. Det er også prøvar og quizar gjennom semesteret i steden for ein stor eksamen på slutten. Eg synst eigentleg at det er veldig greitt og gjer at du slepper å stresse med ein stor eksamen på slutten av semesteret.

Tips til ting å pakke med seg?

Har du opplevd noen kulturforskjeller?

Dette må du få med deg!

Vist du vurdera å studera i utlandet så gjer det! Det er ein så fantastisk opplevelse, og du får så mange fine minner og erfaringar å ta med deg vidare i livet. Start prosessen med å søka på skulen så fort som mulig. Det er mykje som må vere i orden for å studere i USA og det gjer derfor prosessen lettare og mindre stressande jo tidlegare du startar. Ha fri på fredagar om du kan. Dei fleste studentane på skulen har det og det gjer deg ein fridag meir i veka, og det kjem du til å setta pris på. Reis rundt øya og opplev alt du kan! Kvar helg finn eg ein ny plass som eg ikkje har sett før og alle plassane er like nydelege. Leig ein bil å berre køyr rundt langs kysten. Du får sett så mykje vakker natur og strender langs heile øya. Helgane brukar eg til å utforske alle dei nydelege plassane her på øya, favoritt tingen min er å sjå alle dei nydelege strendene som finst her. Min favouritt plass her på øya er ein liten plass på North Shore som heiter Haleiwa der du finner fine strender, god mat og mange små, sjarmerande butikkar. Langs øst- kysten køyre du forbi utruleg mange strender med kvit sand og turkist vatn. Det er også ein strand som ligger 10 min unna skulen, noko som gjer at du kan reisa på stranda mellom timane om du vil kople av litt. Universitet har også ein del forskjellige idrettslag, og du kjem inn på heimekampane gratis når du er student på HPU. Eg har møtt så mange utadvende og eventyrlystne folk her på HPU. Dei aller fleste som studera her har også flytta langt vekk heimefra og derfor er alle veldig interesserte i å bli kjent med nye folk. Dette har gjort at det har vert veldig lett og naturlig å finna nye venner å utforska øya med.

Drømmer du om å studere i utlandet?

Våre veiledere hjelper deg gratis – fra første spørsmål til du er klar til å reise.

Andre studenter anbefaler