Green River College

Navn: Iselin Gjøringbø

Alder: 19 år

Hvor studerer du?
Green River College

Hvilken grad studerer du og hvor langt er du kommet?
Studerer for å oppnå Degree of Associate in Arts (A.A. degree), med hovudfokus på «Tourism and Hospitality», begynner på tredje quarter no til våren.

Dette er Iselin sine opplevelser ved Green River College:

Green River College er ein skule kor mange internasjonale studentar kommer. Du vil bli kjent med mange internasjonale og amerikanske studentar. Når eg først kom var det litt overveldande, sidan eg ikkje kjente nokon. Dei første to vekene føregår det «orientation,» som er eit opplegg for nye internasjonale studentar. Det gir deg informasjon om skulen, og det gir deg moglegheiter til å bli kjent med andre internasjonale studentar før skulen starter.

Kvardagen på GRC er mykje meir friare enn på vidaregåande, sjølv om oppmøtet er obligatorisk. Du kan velje din egen timeplan og sette opp klassene som du ønsker. For augeblikket har eg klassene mine om tidleg om morgonen og har den siste om ettermiddagen. GRC er eit mindre college, med klassestørrelse på 20-30 studentar. Dette gjer at du får meir kontakt med professorane og de andre studentane.

Første quarteret fikk eg ein jobb på campus som Student Assistant, det inneber at eg skal hjelpe til på det internasjonale kontoret på skulen, svare på e-mail frå framtidige studentar og gi guida omvisningar på campus.

Eg bur i CCA (Campus Corner Apartments), som er leilegheiter kor studentar kan bu, og du bur med tre andre studentar. Som regel er det internasjonale studentar som bur der, men det er også nokon amerikanske studentar. Fordelane med å bu nært campus er at du blir kjent med dei andre som bur der, og det tar nokre få minuttar å gå til skulen.

Utanom skule så har eg vert på nokre aktivitetar skulen har arrangert på og utanfor campus, som Halloween party, Beyoncé and Jay-Z-konsert, ishockeykamp, tur til Bainbridge Island og amerikansk fotballkamp.

Hvordan opplevde du hjelpen fra oss her i SONOR?

Hjelpen frå SONOR var til svært god hjelp. Eg var svært usikker på kva eg ville studere, og SONOR hjelpte meg med å finne den skulen som passar meg best og som gjorde at eg kunne bu nært slektningane mine. Søknadsprosessen kan vere lang og stressande, men SONOR gir god hjelp under heile prosessen, og dei vil svare deg på alt du lurer på.

Dette må du få med deg!

1. Pike Place Market i Seattle

2. Space Needle

3. Konsert i Seattle, Tacoma og Kent. Det er så mange gode konserter her, og mange av de er billige.

4. Dra på kamper: Ishockey, basketball og amerikansk fotball. Skulen arrangerer ofte aktivitetar kor du kan reise med andre studentar.

5. Seattle har mange museum som Pacific Science Center og Nordic Museum som er verdt å reise for å sjekke ut.

Er det noe du skulle ønske at du visste før du reiste til skolen?

Det er eigentleg ikkje noko eg skulle ønske eg visste før eg reiste, utanom at eg fikk anbefalt å signere kontrakt for ein liten periode først, så eg kunne finne ut om eg likte meg i CCA eller om eg ville flytte ut etter eit quarter. Husk å vere open for nye ting, reise på arrangement og bli kjent med medelever og romkamerater.

Kontakte Iselin Gjøringbø? Ta gjerne kontakt dersom dokke lurer på noko angåande skulen eller generelt om å studere i Amerika: gjoringbo99@outlook.com