James Cook University

Navn: Irene Taule

Alder: 21 år

Hvor studerer du?
James Cook University, Cairns

Hvilken grad studerer du og hvor langt er du kommet?
Logistikk og SCM ved Høgskolen i Molde. Tar andreåret mitt i Australia; her tar eg businessfag og annet eg føler kan vere relevant for graden min.

Dette er Irene sine opplevelser ved James Cook University:

Mine opplevelser ved JCU har vore veldig gode. Ettersom det er et lite universitet så føler du at du blir sett og godt ivaretatt. Det er aldri vanskelig å få hjelp her. Klassene er mindre, og det er lettere å få et godt forhold til medstudentane og forelesarane. Fagene eg har tatt har vore godt strukturert av forelesar med gode forelesningar relevant til bøkene og oppgaver relatert til pensum gjennom heile semesteret. Det er mykje arbeid gjennom semesteret med fleire innleveringar i alle fag, men det blir ein mindre stressande eksamenperiode når ein er tvungen til å jobbe jevnt gjennom semesteret. Forelesarane er veldig flinke, og dei prøver alltid å vera tilgjengelege for å hjelpe deg.

Biblioteket på campus er stort og fullt av nyttig informasjon; ein har tilgang til gode databasar og mykje rettleiing til å skrive blant anna rapportar og essay. Dei har òg et hjelpesenter der studentar kan gå og få hjelp med innleveringar og liknande, og for internasjonale studentar er det veldig greitt å få hjelp her med grammatikk og skriving generelt. Dei som har ansvar for oss internasjonale er veldig flinke til å stelle i stand BBQ og andre aktivitetar, ofte mellom forelesingar. Det er så og sei alltid noko som skjer på campus.

Hvordan opplevde du hjelpen fra oss her i SONOR?

Eg er veldig fornøyd med hjelpen eg fekk frå SONOR, uansett kor mange eller kor dumme spørsmål ein har så får ein alltid et godt svar. Søknadsprosessen var lang, men med god rettleiing fra SONOR gjekk det veldig bra. Eg syns òg det er veldig bra at dei er så flinke med oppfølging etter ein har starta.

Dette må du få med deg!

– Tablelands, her er det mykje å sjå og gjera. Utrulig mange fine fosser rundt Cairns, som Behana Gorge, Josephine Falls, Crystal Cascades, Babinda Boulders og meir.

– Krokodillesafari ved Daintree River

– Fitzroy Island og Green Island

– Australias einaste bungy jump-tårn, som ligg rett ved JCU!

– Sist men ikkje minst, dykking i Great Barrier Reef!

Er det noe du skulle ønske at du visste før du reiste til skolen?

Busstilbodet her er litt «utilregneleg», så en bør sjå etter ein plass å bu i området Trinity/Smithfield. Student lodge og «The Beaches» er nok dei næraste og beste plassane å bu, med godt og trygt miljø. Det er også mange muligheter for å arbeide som frivillig her, for eksempel på dykkarbåt og Fitzroy Island.

Kontakte Irene Taule? Irene-93-@hotmail.com