University of Western Australia

Navn: Ingvild Haugen

Alder: 19 år

Hvor studerer du?
University of Western Australia, Perth

Hvilken grad studerer du og hvor langt er du kommet?
Study abroad, to semester

Dette er Ingvild sine opplevelser ved University of Western Australia:

Det at eg bur på college har stor innverknad på korleis skulekvardagen min er – eg kan enkelt gå fram og tilbake mellom rommet mitt og campus fleire gonger i løpet av ein dag. Typisk så byrjar eg i 9-tida, har førelesningar, labar og arbeider på bibliotek eller er sosial innimellom timane, går heimom til lunsj, og så eventuelt tilbake på campus eller vidare til ein eller annan aktivitet. Nå skal det seiast at eg har fullt opp med laboratoriefag og difor mykje fleire kontakttimar enn mange andre her har. Generelt har ein nokså fleksible dagar, spesielt i og med at dei fleste førelesningar er tilgjengelege som opptak på nettet. Ein god del av vurderinga undervegs i semesteret er òg nettbasert, og UWA nyttar seg av læringsplattforma LMS for å gi informasjon, oppgåver, powerpointar osb. Så det er godt mogeleg å få reist litt undervegs i studia.

Samstunges er det veldig enkelt å basere kvardagen sin på og rundt campus. Her får ein alt ein treng til studiane, sosialt med eventar og aktivitetar, mat, treningssenter og utandørsareal. Eg opplever at det meste av bygningar og opplegg er oppdatert, nytt og gjennomtenkt, og at ein som regel er veldig opne for feedback om det skulle vere forslag til forbetring. Eg har eigentleg lite og ingenting å klage på som student ved UWA!

Hvordan opplevde du hjelpen fra oss her i SONOR?

SONOR gjorde det veldig greitt og oversiktleg for meg å søke meg til UWA. SONOR hjelpte meg med informasjon om kva eg måtte gjere og korleis i søknadsprosessen, og eg hadde alltid nokon å spørje når eg lurte på noko (som var ganske ofte)! Ingen tvil om at dei letta søknadsprosessen betrakteleg.

Dette må du få med deg!

Det aller beste med Perth, syns eg, er at medan det er ein storby, så er her òg masse grønt og utruleg flott natur! Først av alt: Campus er fantastisk flott – nyt det! Test ut dei ulike plenane, benkane, kafeane og biblioteka – her er veldig enkelt å vere del av eit fellesskap, og kose seg med studiane. For det andre så ligg hovudcampusen til UWA rett ved nydelige Swan River, i ein av dei flottaste delane av Perth. Gå tur langs elva, hels på endene, fuglane og dei svarte svanene! Utnytt ikkje minst det nydelege parkområdet Mathilda Bay, som ligg rett mellom campus og elva. Her har eg både studert i elvekanten og vore på mange australske BBQs og «sundowners». Heilt fantastisk!

Perth har òg verdens største in-city park, Kings Park, som er eit absolutt must! Bruk gjerne ein dag eller fleire på å utforske stiane, dei botaniske hagane, og dei flotte utsiktspunkta over Perth. Piknik i parken kan alltids anbefalast! Til sist vil eg nemne Subi Farmers Market som eit tips. Eg har gjort det til ein tradisjon å gå dit på laurdags morgonar (rett gjennom Kings Park frå campus), og kjøpe frisk frukt og grønsaker. Greitt å komme tidleg, for på marknaden blir det fort fullt. God stemning er der alltid!

Er det noe du skulle ønske at du visste før du reiste til skolen?

Alt med denne opplevinga har vore over all forventning så langt. Eg er utruleg glad for at eg valde å bu på campus, noko som vel var litt tilfeldig eigentleg. Campus kan anbefalast for alle som ønskjer å vere sosial og bli kjend med folk frå heile verda. Eg kan ikkje få uttrykt kor heldig eg kjenner meg som enda opp her på University Hall saman med så mange fantastiske folk. Skulle berre ønskje at eg kunne tatt alle dei nye bestevennene mine med meg heim igjen… Så topp tips til dei som er i tvil: Å bu på college kan anbefalast på det varmaste!

Kontakte Ingvild Haugen? ingvi2@online.no