Anglia Ruskin University, Cambridge

Navn: Ingrid Thorseth

Hvor studerer du?
Anglia Ruskin University

Hvilken grad studerer du og hvor langt er du kommet?
Bachelor of Media

Dette er Ingrid sine opplevelser ved Anglia Ruskin University, Cambridge:

Eg har alltid hatt ein draum om å studere i Storbritannia, men var lenge usikker på kva skular eg skulle søkje og kva eg ville studere. Gjennom telefonsamtalar, e-postar og dessutan møte på SONOR-kontoret til Kamilla i Bergen bestemte eg meg til slutt for å byrje på Anglia Ruskin University i Cambridge. I september 2009 flytta eg til England for å ta til på ein bachelor i media. Så langt er eg veldig fornøgd med linja. Lærarane er flinke og imøtekomande, og dei forskjellige faga interessante. Eg har fire fag i kvart semester, og eg må innrømme at det kan til tider vere svært krevjande. Ein må jobbe hardt, og det er mykje lesing. Men eg vel å tru at det er verdt det. Eg har valt å bu på campus første året, noko som er ein grei måte å bli kjent med folk på. Campus-området er for tida under opp-pussing og fleire nye bygningar skal stå klare i løpet av dei komande åra. På campus er det fleire fasilitetar, mellom anna bibliotek, nytt treningssenter, butikk og kafear. Hjelpa eg har fått hos SONOR, og då spesielt Kamilla, har vore heilt unik. Søknadsprosessen gjekk gjennom UCAS, som er noko tilsvarande Samordna opptak i Noreg. Denne prosessen kan vere svært forvirrande. Derfor har det vore godt å ha nokon til å vise kva knappar ein skal trykkje på. Når ein skal søkje på skule i England, må ein også skrive eit såkalla Personal Essay. Hos Kamilla fekk eg tips om kva eg burde vektleggje i søknaden, noko som var svært nyttig.

I ei verd som vert stadig meir globalisert er det viktig å kunne meistre å snakke og skrive engelsk. Språk-kunnskapane ein tileignar seg ved å studere i eit anna land, er svært gode og nyttige å ha. Og det å ha studert i eit eller fleire semester i utlandet ser veldig bra ut på ein CV. For studentar utanfor EU er det for så vidt dyrt å studere i Storbritannia. Likevel rekk stipendet vi får frå Lånekassa mykje lenger enn det kanskje hadde gjort i Noreg, då spesielt med tanke på ting som mat, drikke, klede osb. Cambridge er ein nydeleg by, full av historie og mektige, ærverdige bygningar. Den mest kjende turistattraksjonen i byen er nok Cambridge University, med ulike college spreidde rundt i byen. Ein av mine favoritt-turist-ting er å ”punte”. Punting er noko tilsvarande gondol i Venezia. Ein reiser på elva som renn gjennom byen, med båt, og ein får sett mykje av byen og Cambridge University. Det er 22 000 studentar i Cambridge, noko som påverkar byen veldig. Her er studentar frå heile verda, og det er fleire skandinaviske studentar på skulen. Personleg føler eg at Cambridge er passe stort, og om eg vil oppleve storbylivet, så er London berre 50 minutt unna med tog.

Dette må du få med deg!

Er det noe du skulle ønske at du visste før du reiste til skolen?