University of Birmingham

Navn: Ane Holen Lorentzen

Alder: 20

Hvor studerer du?
University of Birmingham

Hvilken grad studerer du og hvor langt er du kommet?
BA Modern Languages and English Literature, starta september 2019

Dette er studentens opplevelser ved University of Birmingham:

Ein normal kvardag for meg startar som regel med undervising på campus. Undervisinga består av forelesingar og seminar. Sidan eg studerer språk og litteratur har eg ein overvekt av seminar, men dette varierer frå studie til studie. Forelesarane er veldig dyktige i faga sine, og flinke til å engasjere og legge opp til diskusjonar i seminara. Eg har ofte fleire ein til to-timars pausar i løpet av ein dag. Desse pausane sit eg ofte og studerer, anten på biblioteket (som er ganske nytt og veldig stort) eller i eit «study space» ein kan finne fleire stader på campus. Det tek berre 15-20 minutt å gå frå studentbolegen til campus, så ofte går eg heim for å ete lunsj saman med dei eg bur med.

Dette året bur eg i studentboleg og deler ei leilegheit med fem andre jenter. Det er veldig sosialt og triveleg, og ein blir ofte kjent med mange folk i same blokk. Vi bur i noko som vert kalla Green Community (Tennis Court), der det skal vere litt ekstra fokus på å leve miljøvenleg (mellom anna har studentblokkane solcellepanel på taket). Her er det slik at hovudsakleg fyrsteårsstudentar og utvekslingsstudentar bur i studentblokkar, så neste år skal eg flytte inn i eit hus med åtte andre i ein del av Birmingham som er populær blant studentar.

Kveldane bruker eg ofte til å henge med venar, anten heime eller ute. Dette semesteret har eg òg teke i bruk klatreveggen på universitetet sitt treningssenter, og har funne ei lita, fast klatregruppe å gå dit med. Elles er eg med i UoB Dance Society, og har brukt mykje tid dette semesteret på å førebu ei rekkje førestillingar. Førre semester var eg med i eit kammerkor, og der jobba vi fram mot ein konsert i slutten av november. Det er veldig mange «societies» her, og dette året har eg prøvd ut litt ulike ting og funne ut kva eg er interessert i å fortsetje med neste år og ikkje. Eg syntest alle foreiningane var litt overveldande og forvirrande i starten, så eg vil anbefale å teste ut litt forskjellige ting.

Alt i alt er kvardagen ved University of Birmingham innhaldsrik og spanande!

Hvordan opplevde du hjelpen fra oss her i SONOR?

SONOR, da spesielt min kontaktperson Kamilla Stølen, var veldig hjelpsam med søknadsprosessen, og tok kontakt seinare om hausten for å høyre om alt sto bra til. Ho var ein god rettleiar da eg skreiv personal statement, og var flink til å svare på spørsmål eg hadde om UCAS og universitet i England generelt.

Dette må du få med deg!

  • Meld deg inn i lag/foreiningar! Dette er ein kjempefin moglegheit til å bli kjend med folk med same interesser. Universitetet arrangerte heile tre Society Fairs i løpet av den fyrste veka her, og eg vil anbefale å besøkje dei. Du får høve til å snakke med dei fleire hundre ulike foreiningane, og får god (om enn litt overveldande) oversikt over kva du kan melde deg inn i.
  • Gjer ting saman med dei du bur med! Det er veldig viktig å føle seg bra og trygg heime i studentbolegen. Eg bur saman med fem andre jenter, og vi har ei tavle på kjøkenet med ein «Flat Bucket List» med ulike aktivitetar som vi har gjennomført og kryssa av i løpet av året.
  • Alltid ha ein paraply i sekken, det er sjeldan du får gå ein heil dag utan å kjenne på litt (eller svært mykje) regn!
  • Like ved campus kan du besøkje Winterbourne House and Garden. Dette er ein botanisk hage der studentar ved University of Birmingham har gratis inngang. Winterbourne er perfekt for rusleturar dersom du vil ha eit avbrekk frå bymiljøet eller sola tittar fram og du føler for å sitje og lese i grøne omgjevnader.
  • Utforsk Birmingham og området rundt! Birmingham vert ofte sett på som ein mindre pen industriby, men etter å ha budd her i fleire månader synes eg det ryktet er litt ufortent. Gå ein tur langs kanalen, utforsk Digbeth (eit område der sjølvstendige kunstnarar og restaurantar florerer), eller besøk kunstmuseet. Det er mange moglegheiter dersom ein vil bli kjend med byen!

Er det noe du skulle ønske at du visste før du reiste til skolen?

Di meir munnleg aktiv du er, di enklare blir det. Det gjeld å ikkje la nervøsitet over å seie noko feil stoppe ein frå å delta i seminar.

Elles er overgangen frå norsk til engelsk veldig grei. Ikkje ver redd for å spørje dei rundt deg dersom det er noko du ikkje skjønar heilt – dei aller fleste synest det berre er triveleg å forklare engelske uttrykk og fenomen.

Dei er velkomne til å følgje meg på instagram, @aneholo

Kontakte Ane Holen Lorentzen? ane.holo@hotmail.com