Til vanleg sit eg på SONOR sitt kontor i Bergen og hjelper dykk som ønskjer seg til utlandet, og i oktober var eg så heldig å få besøke Gold Coast-campusen til vår samarbeidsuniversitet Griffith University. Eg var også innom South Bank-campusen deira i Brisbane. Under finn du mitt reisebrev frå denne turen! For ei skildring av Gold Coast som studiedestinasjon, les også mitt reisebrev frå Bond University her.
Griffith University
I løpet av turen min til Gold Coast rakk eg innom to av Griffith University sine fem campusar: Gold Coast og South Bank i Brisbane. Griffith University er eit stort, offentleg universitet med over 40 000 studentar. Gold Coast-campusen er den største av dei fem, med sine rundt 18 000 studentar. Det er også hit flest norske studentar søker seg. South Bank-campusen i Brisbane husar Griffith sine kreative studiar. Her ligg Queensland Conservatorium, Queensland College of Art og Griffith Film School, med rundt 3400 studentar. Dei andre campusa til Griffith er Nathan og Mt. Gravatt utanfor Brisbane sentrum, og campusen i Logan, Queensland sin tredje største by.
Gold Coast-campusen
Dagen starta med ein tur med G:link-bana, Gold Coast sitt svar på bybana i Bergen. Denne går mellom Broadbeach South sør i Gold Coast, til Gold Coast University Hospital i nord. G:link gjer det svært enkelt å komme seg til Griffith frå andre delar av byen. Både endestoppet i nord, samt nest siste stopp er i gangavstand til Griffith sin campus. Bana går parallelt med strandpromenaden eit godt stykke. Frå Surfers Paradise der eg budde tok det rundt ein halvtime til Griffith.
Gold Coast-campusen til Griffith er ganske stor, men føles likevel intim, koseleg og oversiktleg. På G:link-stasjonen blei eg møtt av ein Griffith Mate. Dette er ein av mange studentar som blant anna jobbar frivillig for å ta i mot nye studentar i velkomstveka, organisere arrangement og omvisningar, og fungere som fadrar for internasjonale studentar. Ho viste meg rundt på campus, og eg blei imponert over den høge standarden eg såg rundt meg. Sidan Griffith University er offisiell partnar med Common Wealth Games 2018 vil det dessutan komme til fleire førsteklasses fasilitetar i tida fram mot arrangementet. Dette vil vil vere til fordel for deg som framtidig student! Utover undervisningsbygg inneheld området det du måtte trenge som i studietida, som døgnope bibliotek, studenthyblar, idrettsfasilitetar, fleire kafear og restaurantar, samt ein studentbar. Eg kan elles skrive under på at maten var god, sidan eg åt lunsj på ein av restaurantane der!
South Bank-campusen
Ferda gjekk så vidare til South Bank, det kulturelle senteret av Brisbane. Togturen tok cirka ein time, og eg blei møtt på stasjonen av ein ny Griffith Mate som tok meg rundt meg rundt til dei ulike fakulteta her. Dei ligg alle i gangavstand frå kvarandre, og området er verkeleg nydeleg. South Bank Parkland ligg rett ved kanalen som går gjennom Brisbane, og det går ein veg innramma av blomster frå Queensland Conservatorium til Queensland College of Arts og Griffith Film School. Mellom vegen og kanalen er det dessutan laga til eit sjarmerande badeområde for både store og små.
Musikkonservatoriet er ganske stort, og har imponerande fasilitetar; blant anna tre konsertsalar av ulike storleikar og fire profesjonelle innspelingsstudio. Ved Queensland College of Art kan du fordjupe deg i det meste innanfor kunst og design, samt få sjansen til å gjere oppdrag for reelle klientar via Griffith sitt QCA Enterprise-program. Griffith Film School ligg i eit relativt gamalt bygg med mykje historie og sjarm, og er den største filmskulen i Australia. Det er også den einaste filmskulen i Australia som har sendt studentbidrag til filmfestivalen i Cannes!
Alt i alt var dagen ved Griffith University veldig lærerik og nyttig, og det er ingen tvil om at dette universitetet har noko av interesse for alle og ein kvar! Sjå også kva våre studentar ved Griffith seier her. Ønskjer du meir informasjon om besøket mitt på Griffith? Kontakt meg på kamilla@sonor.no!