St. Mary’s University i Twickenham er eitt av SONOR sine nye samarbeidsuniversitet i London, og universitetet ligg rundt 20 minuttar med bil frå Heathrow. På min veg til Australia for å besøke Bond University og Griffith University i oktober tok eg meg difor tid til å legge inn eit besøk ved St. Mary’s.
Universitetet ligg rolig og idyllisk til i Twickenham i sørvest-London. Det går tog til London sentrum rundt fire gonger i timen, og turen tek berre 35 minutt, så her kan ein kombinere ein studiekvardag i avslappande og fine omgjevnader med moglegheiter for liv og røre i storbyen.
I løpet av dagen fekk eg omvising på campus, presentasjonar av utvalde studiar, ein kikk på travle førebuingar til eit teaterstykke som skulle framførast same kveld, og ein prat med ein norsk student på Creative and Professional Writing. Ho var veldig nøgd med både studiet og studiekvardagen ved St. Mary’s, og inntrykket mitt etter besøket var også særs positivt.
Flott campus og god studentoppfølging ved St. Mary’s
Campus er relativt lite, men inkluderar det viktigaste ein treng i det daglege studielivet. I tillegg til undervisningsbygg er det fleire hybelhus, treningssenter, idrettsanlegg, kafé, pub og fine grøntområde, og det fins til og med eit kapell her. Campusen er også kåra til den tryggaste i London.Atmosfæra her er god, og i følge den norske studenten er det lett å bli kjend med andre her. Det har eg ingen problem med å forstå! Basert på samtalar med forelesarar ved ulike fakultet fekk eg også inntrykk av at oppfølginga av studentane er svært tett og god ved St. Mary’s. Dette er ikkje ein stad du forsvinn i mengda.
Strawberry Hill House – ei nygotisk perle
Campusen inneheld ei blanding av eldre og nyare bygg. Ein av dei meir kjende bygningane på campus, Strawberry Hill House, er eit fantastisk bygg i stilen nygotikk. Bygginga av huset starta i 1749, og det rammar mykje historie, både gamal og ny. Arkitekten bak bygget, Horace Walpole, var også ein kjend politikar, kunsthistorikar og forfattar, og han starta faktisk ein ny arkitekturtrend med Strawberry Hill House. Ein av dei som viste meg rundt kunne også fortelje at faren til Mick Jagger i Rolling Stones tidlegare underviste ved St. Mary’s, og at Mick Jagger sjølv har arrangert fest i storsalen i bygget.
Engasjerte forelesarar ved St. Mary’s
St. Mary’s tilbyr studiar innanfor fleire ulike felt, og i løpet av dagen fekk eg snakka med forelesarar på studiar som norske studiesøkande har vist spesiell interesse for: Teater/skodespel, kreativ skriving, film og media, psykologi og fysikk. Alle viste stor interesse for å få fleire norske studentar, og eit stort engasjement for studentane sine. Dagen min på St. Mary’s overbeviste meg om at dette er eit universitet norske studentar kan trives ved! Om dette verkar som skulen for deg, ta kontakt med oss for å sjå nærmare på studiealternativ og søknad. Du kan også maile meg direkte på kamilla@sonor.no for å høyre meir om besøket mitt!
Les også: Vil du studere et semester med skuespill i London?